HYTTETYPAR PÅ SALBU

Koia Moderne

God arkitektur roper ikkje. Det gjer ikkje denne hytta heller. Med den enkle bygningskroppen, dei enkle detaljane og det lette, slanke taket får Koia ei stillferdig framtoning i omgjevnadane.

Den smale, vannrette trekledninga og dei samanhengande feltane med vindauge og plater understrekar den stramme arkitekturen. Inngangspartiet er inntrukket, det same er terrassen i gavlen.

Hyttas planløysning er ryddig og oversynleg. Ho inneheld to soverom, bad, bod, vindfang og ope stue-/kjøkenløysning. Takvinkelen på 30 gradar gir dessutan plass til ein romsleg oppbevarings- eller overnattingshems. Store vindauge slepper inn mykje lys, og den opne himlinga i stua og kjøkenet aukar romfølelsen.

Tinn Moderne

Ønskjer du ei hytte i ein minimalistisk stil bør du sjå nærare på denne. Dei store vindaugsflatene, takforma og dei enkle detaljane gir hytta eit stramt og elegant uttrykk.

Innvendig er ho lik Tinn Tradisjon, bortsett fra hemsløysninga. Stua og kjøkenet har open løysning og dei store vindaugsflatene inviterer omgjevnadane inn. Denne delen har dessuten pulttak som gir stor takhøyde — og ekstra god romfølelse.

Hytta er på kun 47,6 kvadratmeter, og kvar kvadratmeter er utnytta maksimalt. Her har du to soverom med plass til familiekøyer, bad og vindfang i tillegg til opphaldsrommet.

Havbris

Havbris er ei hytte i enkel og tidlaus arkitektur. Hytta har heile tre utgangar til dei flotte terrassane utanfor; frå foreldresoverommet, stua og kjøkenet.


Ho har tre gode soverom, godt med skapplass, vindfang, bad og bod.
Stua og kjøkenet er nedsenka, og nedtrappinga held fram ut på terrassen. Store vindaugsflater inviterer naturen inn, og den høye opne himlingen gir ein utroleg luftig romfølelse i opphaldsromma.


Havbris ligg godt i skrånande terreng — dette er ei fantastisk god hytte anten ho byggjes på fjellet eller ved sjøen.