Plassering

Hyllestad – jakt og fiske på historisk grunn

I Hyllestad er der mange flotte turstiar og fjelltoppar å velje mellom, ca. 20 toppar har merka stiar, og inngår i løypekartet for kommunen. Ein tur på Lifjellet ca. 770 m. over havet er ei særskilt oppleving. Her er difor rike moglegheiter anten du vil ta ein lang tur og nyte utsikta, eller ein mindre tur med heile familien til ei idyllisk vik eller eit fjellvatn like ved. Tek ein turen til Gaular finn ein rike lakseelvar, men ynskjer du å prøve aurefisket treng du berre ta ein kort tur til nærliggande vassdrag i Hyllestad. For dei som har interesser innan jakt er Hyllestad også eit godt utgangspunkt. Her er det mogleg å kjøpe seg løyve hjå ulike grunneigarar, slik at ein kan delta i hjortejakta om hausten.

Turområda i Hyllestad tilbyr ikkje berre vakker natur. Her finn du og nokre av dei rikaste og eldste fortidsminna i landet. Kvernsteinparken til dømes, er nominert inn på UNESCO si verdsarvliste. Du kan gå i fotspora etter Olav den heilage og sjå steinkrossar frå hans ferd langs kysten eller leite etter helleristningar som vitnar om  busetnadar mange tusen år tilbake i tid.

– Og midt oppe i dette kan du no finne din idyll til ferie, fritid, fiske og flotte turar i marka og på fjellet, der du kan lade batteria og finne di «perle» i Salbu hyttegrend.

Avstander
Reisetida frå Bergen til Hyllestad er ca. 2,5 timar og frå Førde tek det ca. 1 time og 15 minutt.

I Sørbøvåg, ca. 1,5 km. frå Salbu hyttegrend finn du butikk, post, bensinstasjon og ein liten pub. Her finn du og badeplass og leikeareal, samt ei større småbåthamn med gode gjestehamner.

I Leirvik, ca. 20 min biltur, finn du kro og motell med pub og restaurant.
Med base i Hyllestad er det kort avstand til to store alpinanlegg.