Kvalitetstid i Sørbøvåg

No har du mogelegheit til å sikre deg ei flott og sjønær hyttetomt i Hyllestad.

Hyllestad kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane, nordvest av Sognefjorden.

Salbu Hyttegrend ligg vendt mot sør på nordsida av Åfjorden, med tomter  tett ved sjøen. Tomtene har flott utsikt mot aust, sør og vest. Mot aust ser ein innover den vakre Åfjorden mot kommunesenteret Hyllestad, mot sør ligg det majestetiske Lifjellet og i vest opnar havet seg.

Salbu hyttegrend ligg idyllisk til i rolege omgjevnader, i eit område som kan by på mange spennande opplevingar. Her kan du sjølvsagt nytte deg av mange ulike fiskeplassar som fjordlandskapet rundt har å by på. Du kan òg ta turen litt lenger vestover der du kan oppleve noko av det mest unike landskapet som kystnorge kan vise fram, og ein smak av havfiske.

Som tomteeigar i Salbu Hyttegrend kjem du svært tett på både sjøen og naturen med gode badeplassar og fleire område for friluftsliv. Det ligg óg godt til rette for båtliv da ei flott hamn med molo og fleire båtplassarer er under bygging.

Avstander
Næraste butikk ligg i Sørbøvåg ca. 1,5 km frå Salbu. Her finn du og post, bensinstasjon og ein liten pub. Ei større småbåthamn med gode gjestehamner, badeplass og leikeareal gjer dette til ein fin utfartsstad.

Hyllestad ligg ca 13,5 mil frå Bergen og 8 mil frå Førde.

I Leirvik, ca. 20 min biltur, finn du kro og motell med pub og restaurant.
Med base i Hyllestad er det kort avstand til to store alpinanlegg.

Les mer om beliggenheten her